Eg jobbar med individuell coaching, coaching av leiarar/mellomleiarar, og med utvikling av grupper og team.
"I am the lighthouse that guides people home."
Endring startar oftast når me er klare for å sjå ting frå nye synsvinklar, nye perspektiv - det opnar nye moglegheiter og me sett nytt fokus!
Min "drivar" som coach er: Eg trur at ditt potensiale er større enn det du ser sjølv! Eg trur at når du vågar vera deg sjølv på ekte, er ansvarleg i eige liv, tek bevisste valg og er "skipper på eiga skute" - så er alt mogeleg!
Ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Sjølvleiing, ansvarlegheit og val er også grunnstamma i mitt arbeid med grupper og team.
TA STEGET - TA KONTAKT:
E-post: marit@ystanes.com
Mobil: 926 82 815
Postadresse : MYcoach Marit Ystanes, Skjerpestunet 29, 5710 Skulestadmo
Kontoradresse 1: Vossabygg 19, 4.etg hjå Vossaklinikken AS - 5700 Voss
Kontoradresse 2: Lofthus, Hardanger
Teamutvikling og Konfliktløysing er noko av det eg jobbar med i bedrifter og organisasjonar. Eg skreddarsyr opplegg tilpassa behov, og held 3 timars og 6 timars samlingar. Det er interaktive workshops, med aktiv deltaking frå alle, mykje moro, god energi, nye oppdagingar, ny læring - som fører til ny handling og nye resultat.
Eit lite møte med meg får du her:
Sertifisert coach - CPCC og Professional Certified Coach frå ICF, Internasjonal Bransjeforening for profesjonelle coachar - og Certified Points of You Trainer.
Points of You Ltd utviklar unike, kraftfulle og kreative verktøy som opnar opp for betre kommunikasjon, nye synsvinklar, går forbi logikk og gir ny innsikt. Dei er effektive i HR arbeid, i strategiarbeid, kreative prosessar, vanskelege samtalar og mykje meir. Som ansvarleg for Points of You Ltd Norway er eg sertifisert trenar, og står for salg og distribusjon i Norge.
Du kan lese meir om dette her: http://www.points-of-you.no